Siste nytt

Nybegynnartrening!

Husnes karateklubb ønskjer nye medlemmer velkomne til karatetrening.
Oppstartsdato: mandag 17. januar 2021
Klokkeslett: 17:30
Stad: Gymsalen Sunde skule

Mandagar 17:30 – 18:30 og onsdagar 18:00 – 19:00

Alle kan trene karate så lenge ein forpliktar seg til treninga, betalar treningsavgift og følger dei etiske retningslinjene til klubben. Personar med funksjonshemming kan også trene med om forholda blir lagt tilrette. Ein treng ikkje vere i fysisk god form når ein startar med trening. Karate vil raskt få deg i betre form, og du jobbar alltid med dine eigne mål sjølv om du står på linje med meir erfarne utøvarar.

Ein treng ikkje skaffe seg karatedrakt med ein gong. Treningsbukse og treningsjakke går heilt fint. Mange vel likevel å skaffe seg drakt så snart dei kan.

Aldersgrensa er 10 år – det vil sei det kalenderåret ein fyller 10 år.

Husnes karateklubb følgjer kalenderåret når det gjeld medlemskontingent til klubben. Kontingenten dekkjer treningsavgift, forsikring og lisens til vår karateorganisasjon – JKA.

Treningsavgift
Treningsavgifta går til drift av klubben.

Forsikring
Får å trene i Husnes karateklubb er det bestemt at alle medlemmene skal ha eigen forsikring gjennom Norges Kampsortforbund.
Ved skadar må medlemmene sjølve ta kontakt med kampsportforbundet om noko skal rapporterast til forsikringselskapet:
Telefon: 98205267
E-post: post@kampsport.no

JKA
Japan Karate Association er den største organisasjonen som trenar stilarten Shotokan. Treningskontingenten dekkjer lisens til Norway JKA. Lisensen gjer det mogleg for meldemmene å gradere seg, delta på treningssamlingar og konkurransar i regi av JKA.

Medlemskontingenten er 1200 kr for 1 år.

Som nybegynnar kan ein prøve ut karate i to veker før ein må betale medlemskontingenten.