Månad: september 2020

Siste nytt

Treninsgstart haust 2020

Då er det endeleg klarsignal frå kommunen om at klubben kan starte med trening igjen. Trening startar mandag 21. september!

Treningstidene blir som følgjande:

Mandag: 1800 – 1930 (alle beltegrader inkludert nybegynnarar)

Onsdag: 1800 – 1930 (alle beltegrader inkludert nybegynnarar)

Torsdag: 1800 – 1930 (5. kyu og høgare)

Covid 19 restriksjonar:

  • inngong dobbeldør – håndvask eller antibac før trening
  • garderobar er ikkje i bruk utanom toalett
  • kumite og anna kontakt er ikkje lov
  • 1 meter avstand
  • 20 personar i kvar sal maksimum

Før og etter trening skal alle kontaktpunkt i lokalet vaskast. Dette gjeld dørhandtak, lysbrytarar, toalettknappar og vaskar. To personar tek seg av dette.

Gradering

Det vert ikkje lagt opp til gradering før tidlegast slutten av november.

Me håpar at alle medlemmer kjem tilbake til trening!