Då er det klart for oppstart av eit nytt karateår 2018. Treninga startar onsdag 3. januar kl. 1830 for alle.
Me vil at alle prioriterer treningssamlinga på Stord i 7 – 10. juni og då spesielt de vaksne utøvarar i klubben. Det er veldig positivt at me no har så mange vaksne som er med og trenar. Deltaking på Stord vil gje høve til å trene med andre vaksne frå heile landet på same nivå og høgare. Dette er god inspirasjon og trening.
Minner om styremøte kl. 1700 før treninga. Alle brunbeltarar i klubben er velkomen til å vere med på styremøtet for informasjon.
Ser fram til eit godt karateår!