Gradering
Framgong og utvikling i karate er synleg gjennom dei ulike beltegradane. I starten har ein elevgrader kalla kyu:
10. kyu – kvitt belte
9. kyu – kvitt belte med gul stripe
8. kyu – gult belte
7. kyu – oransje belte
6. kyu – grønt belte
5. kyu – blått belte
4. kyu – lilla belte
3. kyu – brunt belte
2. kyu – brunt belte
1. kyu – brunt belte
Normalt tek det eit halvt år mellom kvar kyu-gradering. Det hender at ein bruker lengre tid mellom dei tre brune beltegradene.
Etter kyu kjem det store steget til svart belte der ein startar på meistergradene – dan.
shodan
nidan
sandan
yondan
godan
rokudan
nanadan
hachidan
kudan
judan
Å ha svart belte inneber eit stort ansvar for karate og klubben ein trenar i. Det er forventa at ein tek ansvar for teknisk standard og drift av klubb. Krava for å gradere seg vidare blir mykje vanskelegare og ein må verkeleg gå inn for å trene oftare og drive meir eigentrening for å utvikle seg.
Gradering til ny beltegrad skjer normalt i november og juni månad. JKA Norway arrangerer treningsamlingar – gasshuku for alle medlemmer i Norge. Desse samlingane finn stad på Stord, Bergen, Stavanger og på austlandet. Sjå terminlista til JKA Norway for datoar.
Kubben inviterer også gjesteinstruktørar til klubben som held gradering for dei som ikkje kan reise på treningssamlingane.