Månad: januar 2021

Siste nytt

Info til alle nye medlemmer!

Alle nye medlemmer som kjem på trening framover må registrerast med namn og kontaktinfo, slik at klubben kan ha eit fungerande smittevern og moglegheit til smittesporing.

Send e-post til sensei@husneskarate.no med følgjande informasjon:

Etternamn:
Fornamn:
Alder:
Tlfnr:
E-post:

Klubben lagar ei liste over nybegynnarane der kvar og ein kryssar seg av, kvar gong ein er på trening.

Fint om ein sender e-posten snarast!

På førehand takk!

Siste nytt

Keiko Hajime

Då er det klart for treningstart 2021 for Husnes karateklubb. Vidarekomne er velkomne til første trening onsdag 20. januar klokka 1830 – 1930.

Sidan me skal starte nybegynnartrening har me endra treningstidene for å kunne dekkje behovet for treningstider og smittevern. Dei nye treningstidene er:

 TidspunktSal 1Sal 2
Mandag  
1730 – 1830Nybegynnarar (Mathias)Eigentrening 3. kyu – dan
1830 – 19305. kyu – dan (Rune)9. kyu – 6. kyu (Tor Olav)
   
Onsdag  
1730 – 1830Nybegynnarar (Brage)Eigentrening 3. kyu – dan
1830 – 19305. kyu – dan (Rune)9. kyu – 6. kyu (Kate)
   
Torsdag  
1800 – 19305. kyu – dan (Tor Olav)  

Smittevern gjeld framleis:

  • registrering av namn på kvar trening
  • vask av kontaktpunkt
  • spriting av hender før og etter trening
  • Ikkje fysisk kontakt i form av kumite