Gradering

Onsdag 18. november 2020 er det gradering for alle kyu-grader.

Treninga startar kl. 1800 og me varmar opp fram til graderingstart kl. 1830.
Klubben har kontroll på alle karatepass for utøvarane. Vidarekomne utøvarar som ikkje har levert pass til hovudinstruktør, må gjere dette innan onsdag kl. 1805.

Me gjev kun løyve til føresette for alle som tar beltegrad for første gong til å vere publikum etter følgjande kriteria:

  • Bruk av munnbind
  • Tilvist eigen inngong til gymsalen
  • Tilvist sitjeplass

Graderingsavgift er 200kr
Det vert lagt opp til bestilling av belter etter gradering. Beltepris er 100kr.

Elles vil treningane fortsetje til desember, eller til me eventuelt får beskjed om å stengje.