Månad: februar 2022

Siste nytt

Påmelding til NM 2022

Aldersgrense 13 år.
Deltakaravgift individuelt: 400kr
Deltakaravgift lag: 500kr per lag
Påmeldingsfrist 11. mars 2022

Snakk med Tomasz Pikora eller Rune Hanssen på trening for å melde deg på.

Siste nytt

God innsats på JKA-cup!

Laurdag 12. februar kjempa tre utøvarar om medaljar i den årlege JKA-cupen i Bergen. Fleire enn 400 utøvarar hadde meldt seg på. Hava Eldi debuterte denne gongen. Me håpar ho er sulten på meir action i framtida.

Heda Eldi – bronse kata
Hava Eldi – bronse kumite
Brage Krey – 4. plass kata og kumite

Kjempebra spirit og innsats!

Siste nytt

Påminning!

Frå 2022 skal alle medlemmer registrere seg i Norges idrettsforbund sitt medlemsregister. Grunnen til dette er at NIF skal ha oversikt over antal medlemmer i kvar klubb med tanke på støtteordningar og andre ting som har med medlemstal å gjere. Du må difor passe på at du betalar medlemsavgifta på 50 kr til NIF. Du skal ha fått melding om dette frå NIF anten via SMS eller e-post.

Husnes karateklubb har etter styrevedtak bestemt at treningskontingenten i klubben skal vere 1200 kr.
Det nye er at du må betale 50 kr direkte til NIF og 1150 kr til klubben.

Ein betalar 1150 kr til klubben inn på bankkontonummer: 3460 20 43586

NB! Det er veldig viktig at betalingen blir merka med navnet til den det skal betalast for.

NB!! Om ein av ulike årsaker ikkje har høve til å betale innan fristen som det blir opplyst om, kan ein ta kontakt med kasserer Endre Blokhus (mob: 90168419) og gjere ein avtale på betaling.