Medlemskontingent

Ein betalar medlem- og treningskontingent for 1 år om gangen.

Nye medlemmer
Slik betalar du kontingentane:

1. Medlemsavgift til NIF

Gå inn på https://www.minidrett.no/ for å registrere deg. Søk opp Husnes karateklubb og meld deg inn. Du får etter kort tid tilsendt faktura på 200 kr.

2. Treningskontingent til klubben

Etter at du har betalt medlemskontingent til NIF skal du betale treningskontingent til Husnes karateklubb. Du betalar 1000 kr til bankkonto under.

Kontonummer til klubben: 3460 20 43586

Etter dette er du fullverdig medlem av Husnes karateklubb.

Totalt 1200kr i årskontingent.

Familiemoderasjon

Dersom fleire frå same familie trenar saman er treningskontingenten frå og med 3. familiemedlem 500 kr.

Døme på familiemoderasjon:

1. Far – 200 kr + 1000 kr (1200 kr)

2. Datter 1 – 200 kr + 1000 kr (1200 kr)

3. Datter 2 – 200 kr + 500 kr ( 700 kr)

4. Son – 200 kr + 500 kr (700 kr)


Forsikring inkludert
Ved skadar må medlemmene sjølve ta kontakt med kampsportforbundet om noko skal rapporterast til forsikringselskapet:
Telefon: 98205267
E-post: post@kampsport.no

JKA Norway
Japan Karate Association er den største organisasjonen som trenar stilarten Shotokan. Treningskontingenten dekkjer lisens til JKA Norway. Lisensen gjer det mogleg for meldemmene å gradere seg, delta på treningssamlingar og konkurransar i regi av JKA.

Har du spørsmål?
Kontakt Endre Blokhus:
Tlf. 90168419
E-post eblokhus@hotmail.com

NB!!! Om ein av ulike årsaker ikkje har høve til å betale innan fristen som blir opplyst, kan ein ta kontakt og gjere ein avtale for betaling.