Keiko Hajime 2022
Me ønskjer alle medlemmer velkommen til oppstart av eit nytt karateår. Treninga startar måndag 3. januar til same treningstid som tidlegare.
Me håpar på eit produktivt år der me startar med treningssamling og gradering 29. januar i Husneshallen om det let seg gjennomføre. Vidare satsar me på kursing av våre nye svartbeltarar slik at dei får instruktørlisens, og at konkurransedeltakinga blant medlemmene aukar.
Til våre høgst graderte medlemmer som har planar om gradering, vil me minne om at det er viktig å delta på treningane framover. Å kome på treining ein gong i månaden er for lite om ein skal meistre pensumet tilfredstillande. Hovudinstruktør vil gjennomføre testgradering når tida nærmar seg, og har rett til å utsetje graderinga for dei som ikkje viser god nok framgong. Vis innsats, kom på trening og tren hardt!
Me vil følgje smittevern så godt som råd, og treningane vil derfor tilpassast etter behov. Slik reglane er no køyrer me grupper på maks 20 personar i kvar salhalvdel. Kom helst på trening med karatedrakta på, slik at me unngår opphoping i garderobar.
28 thoughts on “Keiko Hajime 2022”
Comments are closed.