Siste nytt

Status gymsal

Gymsalen på skulen blir enno stengd i tida framover sidan den blir brukt som klasserom for ei gruppe elevar. Så lenge reglane for smittevern er som no, må me diverre berre avvente til restriksjonane lettar enno meir.

Gradering og andre treningssamlingar er utsett av JKA. Husnes karateklubb oppmodar alle medlemmer til å drive eigentrening.

Ein finn pensum på Norway JKA sine nettsider. Inspirasjonsvideoar er det mange av på youtube, og nokre klubbar driv med videooverføringar for dei som vil følgje det opplegget.

Bruk denne uvanlege situasjonen til å utvikle sjølvdisiplin og planlegging av di eiga trening. Dei fleste medlemmene har no såpass erfaring at det skal vere mogleg å trene åleine.

Tenk over kva instruktørane har sagt og fokusér på kata. Del opp i sekvensar og repetér om og om igjen. Hugs at i Japan brukar ein titusen som godkjent antal før ein kan bruke ordet «meistre». Økter på 45 – 60 minutt er ok.

Etterkvart som været blir bra, kan det hende me instruktørar inviterer til utetrening om me finn ein passande stad.

Tenk karate kvar dag og tren deg på sjølvdisiplin!