Siste nytt

Overtrekksjakker Misaki dojo



Klubben har fått prøveeksemplar på overtrekksjakker. Desse vil få klubbnamn og logo.

Konsept
Konsept

På trening i neste veke kan du prøve ut kva storleik som passar deg. Dette gjer det enklare når me sender samla bestilling på jakker og trykk.

Denne gongen vil klubben sponse ein del av prisen på jakkene som eit godt tilbod for medlemmene. Den endelege prisen på jakkene kjem seinare når me har oversikt over totalt antal.

Merk: 

Du er ikkje nødt å bestille jakke sjølv om du finn din storleik med prøvejakkene.