Siste nytt

Klubbmeisterskap i kata

Som trening fram til gradering arrangerer me klubbmeisterskap i kata laurdag 5. juni kl. 1200 i gymsalen.

Me satsar på tre klassar og god påmelding.

Klasse A – nybegynnarar
I denne klassen går ein Taikyoko shodan eller Heian shodan.

Klasse B – 9. kyu til og med 3. kyu
I denne klassen går ein Heian nidan, sandan, yondan, godan og Tekki shodan

Klasse C – 2. kyu og høgare
I denne klassen går ein alle Jugo kata og favorittkata.

Det vert innleiande rundar der ein går to og to. Vinnaren går vidare etter flaggdømming frå hjørnedommarar. Taparen ryk ut av konkurransen.

I semifinalen går ein åleine og blir dømt etter poeng frå fem dommarar.

I finalen går ein favorittkata og blir dømt etter poeng frå fem dommarar.

Konkurransen er hard, men me vinklar det som trening og utvikling av konkurransemiljøet i klubben. Me kjem til å fortelje og forklare meir på treningane. Alle gjer sitt beste, og me er glade for, og heiar på dei som kjem seg vidare til finalen. Det vert enkle premiar i denne omgong.

Påmelding gjer ein på trening, eller via appen SPOND på mobil.

Last ned appen og bruk denne linken: https://group.spond.com/SXDPO