Dojo-etikette

Etikette MISAKI DOJO

  1. Møt seinast 15 minuttar før treninga startar. Presis er ikkje tidsnok. Det er dårleg budoånd å kome for seint til trening. Kjem du for seint, skal du gå inn på sidelinja slik at instruktøren kan sjå deg. Sit ned i «seiza» til du får beskjed om å gå inn i rekkjene.
  2. I garderoben og dojo skal det vere ro før treninga startar. Dette er viktig sidan det er mange utøvarar og instruktørar som førebur seg mentalt til treninga. Snakk roleg. Skriking og herjing er uakseptabelt. Gå på do før treningstart.
  3. Ta av alle smykke og ringar før trening. Mobiltelefonar skal vere lydlause og verdisaker tek ein med og legg på sidelinja.
  4. Trening er barbeint. Sjå til at du er rein på hender og føter. Negler skal være kortklipte. Drakt skal også vere rein.
  5. Når du går inn og ut av dojo skal du bukke mot shomen Det er for å vise respekt til staden der mange legg ned så mykje av seg sjølv i form av blod, sveitte og tårer.
  6. Vær høfleg. Alle som har høgare beltegrad enn deg skal du tiltale senpai Instruktøren skal du tiltale sensei.
  7. Mat og drikke er ikkje lov å ta med i dojo. Drikk nok væske før trening.
  8. Må du av ulike grunnar forlate dojo, skal du alltid kontakte instruktøren. Å forlate dojo utan tillatelse vert sett på som dårleg budoånd.
  9. Når du kjem inn i dojo, skal all merksemd rettast mot trening. Alle problem du har i dagleglivet skal ikkje takast med inn i dojo.
  10. Vis respekt til alle i dojo.
  11. Det er instruktøren som har ansvar for instruksjon. Konsentrer deg berre om deg sjølv og dine utfordringar.
  12. Gjer ditt beste og vis sterk vilje til innsats. Du er i dojo for å bruke tida til god trening. Svar instruktøren med OSU! når du forstår forklaringar. Din evne til å vise god energi gjennom vilje og innsats, vil gje god effekt på treninga for instruktøren, deg og alle andre utøvarar.
  13. Brot på reglane ovanfor kan føre til bortvising frå dojo.

Samanlikna med andre idrettar er karate-do spesielt med tanke på korleis ein skal oppføre seg under karatetrening. Dette er særs viktig i ein kampkunst der ein lærer potensielle farlege teknikkar. Gjer ditt beste for å halde på tradisjonane i karate-do.