Kva er karate?

 

Karate eller karate-do som det også vert kalla, er ein japansk kampkunst som stammar frå Okinawa-øyane sør for Japan. Då karate kom til det japanske fastlandet utvikla det seg fleire stilartar. Gichin Funakoshi sensei er grunnleggjaren av Shotokan som no er den mest utbreidde stilarten innanfor karate i verda. Den utmerkar seg med djupe stillingar og sterke, linjære teknikkar.

Reint teknisk set ein sterkt fokus på kihon (grunnleggjande teknikkar) og trenar på dette gjennom endelaus repetisjon og perfeksjonering av detaljar. Dette vert vidareført til ulike kata (form/mønster) der ein trenar på kihon i eit bevegelsesmønster med teknikkar som kan vidareførast til kumite (kamp). Erfaringane ein då får gjennom kumite gjev feedback til korleis ein kan perfeksjonere teknikkane når ein trenar kihon og kata.

Kihon, kata og kumite er difor ei uatskilleleg treeining.

Ved konstant repetisjon av teknikkar lærer kroppen å bevege seg uanstrengt og naturleg, og samstundes lærer sinnet å fungere uanstrengt og naturleg også.

Karate er vegen til balanse.

Det endelege målet med karatetreninga er å utvikle utøvaren sin personlege karakter. Gjennom hard fysisk trening utviklar ein ikkje berre kroppen, men også den mentale kapasiteten. Ein kjem i kontakt med sine eigne grenser og korleis ein kan presse seg sjølv til å takle motgang og stress betre. Ein får eit meir åpent og fredfullt sinn og styrkar sjølvsikkerheten, kroppskontrollen, og helsa generelt.

Treningane er systematiske og krev tålmod. Det er ingen snarvegar og ein blir aldri utlært. Dedikerte karate-ka oppdagar etterkvart ei subtil meining og skjønar at svart belte berre er starten på noko mykje større.

Dojo etikette Husnes karateklubb

  1. Møt seinast 15 minuttar før treninga startar. Presis er ikkje tidsnok. Det er dårleg budoånd å kome for seint til trening. Kjem du for seint, skal du gå inn på sidelinja slik at instruktøren kan sjå deg. Sit ned i «seiza» til du får beskjed om å gå inn i rekkjene.
  2. I garderoben og dojo skal det vere ro før treninga startar. Dette er viktig sidan det er mange utøvarar og instruktørar som førebur seg mentalt til treninga. Snakk roleg. Skriking og herjing er uaktseptabelt. Gå på do før treningstart.
  3. Ta av alle smykke og ringar før trening. Mobiltelfonar skal vere lydlause og verdisaker legg ein på sidelinja.
  4. Treningane føregår barbeint. Sjå til at du er rein på hender og føter. Negler skal være kortklipte. Drakt skal også vere rein.
  5. Når du går inn og ut av dojo skal du bukke mot «shomen». Det er for å vise respekt til staden der mange legg ned så mykje av seg sjølv i form av blod, sveitte og tårer.
  6. Vær høfleg. Alle som har høgare beltegrad enn deg skal du tiltale «senpai». Instruktøren skal du tiltale «sensei».
  7. Mat og drikke er ikkje lov å ta med i dojo. Drikk godt før trening.
  8. Må du av ulike grunnar forlate dojo, skal du alltid kontakte instruktøren. Å forlate dojo utan tillatelse vert sett på som dårleg budoånd.
  9. Når du kjem inn i dojo, skal all merksemd rettast mot trening. Alle problem du dreg med deg frå livet utanom trening skal gløymast.
  10. Vis respekt til alle i dojo.
  11. Det er instruktøren som har styringa. Konsentrer deg berre om deg sjølv og dine utfordringar.
  12. Gjer ditt beste og vis sterk vilje til innsats. Du er i dojo for å bruke tida til god trening. Svar instruktøren med «osu!» når du forstår kva du får beskjed om. Din evne til å vise god energi til instruktøren, vil gje god effekt på treninga for deg og alle.
  13. Brudd på reglane ovanfor kan føre til bortvisning frå dojo.

Samanlikna med andre idrettar er karate-do spesielt med tanke på korleis ein skal oppføre seg der karatetrening føregår. Dette er særs viktig i ein kampkunst der ein lærer potensielle farlege teknikkar. Gjer ditt beste for å halde på tradisjonane i karate-do.