Oppstart karate 2018

Då er det klart for oppstart av eit nytt karateår 2018. Treninga startar onsdag 3. januar kl. 1830 for alle.

Me vil at alle prioriterer treningssamlinga på Stord i 7 – 10. juni og då spesielt de vaksne utøvarar i klubben. Det er veldig positivt at me no har så mange vaksne som er med og trenar. Deltaking på Stord vil gje høve til å trene med andre vaksne frå heile landet på same nivå og høgare. Dette er god inspirasjon og trening.

Minner om styremøte kl. 1700 før treninga. Alle brunbeltarar i klubben er velkomen til å vere med på styremøtet for informasjon.

Ser fram til eit godt karateår!

Nye nettsider!

Velkomen til nye nettsider!

Sidene er under utvikling og vert oppdatert med jamne mellomrom. Nyheter og anna som er relatert til klubben vil bli posta her og samtidig til klubben si facebookside.