Årsmøte 2018

Del

Styret inviterer alle medlemmer i Husnes karateklubb til årsmøte.

Stad: Sunde skule

Dato/klokkeslett: 14. februar kl. 1700 (før trening 1830)

Forslag eller saker til klubben kan sendast til styret seinast 8. februar. Bruk gjerne epost.

Saksliste:
1. godkjenning av kven som har stemmerett
2. godkjenning av innkalling
3. val av skrivar og representantar til å underskrive protokollen
4. gjennomgang av årsmelding for 2017
5. gjennomgang av rekneskap for 2017
6. fastsetje treningskontingent for 2019
7. innkomne saker
8. val av nestleiar og styremedlemmer

 

Vel møtt!

Nybegynnartrening

Del

Husnes karateklubb ønskjer nye medlemmer velkomen til karatetrening.

Startdato er torsdag 18. januar kl. 1800 i gymsalen på Sunde. Nybegynnartreningane fortset kvar torsdag 1800 – 1900. Me tek i mot nye medlemmer nokre veker etter oppstart.

Aldersgrense 10 år. Det vil seie at dei som fyller 10 år innan januar 2019 kan vere med på trening.

Les meir i menyen om nybegynnartrening.

Vel møtt!

Oppstart karate 2018

Del

Då er det klart for oppstart av eit nytt karateår 2018. Treninga startar onsdag 3. januar kl. 1830 for alle.

Me vil at alle prioriterer treningssamlinga på Stord i 7 – 10. juni og då spesielt de vaksne utøvarar i klubben. Det er veldig positivt at me no har så mange vaksne som er med og trenar. Deltaking på Stord vil gje høve til å trene med andre vaksne frå heile landet på same nivå og høgare. Dette er god inspirasjon og trening.

Minner om styremøte kl. 1700 før treninga. Alle brunbeltarar i klubben er velkomen til å vere med på styremøtet for informasjon.

Ser fram til eit godt karateår!