Nybegynnartrening

 

Husnes Karateklubb har inntak av nye medlemmer i januar månad. Det kjem oppslag på skular og offentlege plassar med tidspunkt for oppstart.

Alle kan trene karate så lenge ein forpliktar seg til treninga, betalar treningsavgift og følger dei etiske retningslinjene til klubben. Personar med funksjonshemming kan også trene med om forholda blir lagt tilrette. Ein treng ikkje vere i fysisk god form når ein startar med trening. Karate vil raskt få deg i betre form, og du jobbar alltid med dine eigne mål sjølv om du står på linje med meir erfarne utøvarar.

Ein treng ikkje skaffe seg karatedrakt med ein gong. Treningsbukse og treningsjakke går heilt fint. Mange vel likevel å skaffe seg drakt så snart dei kan.

Aldersgrensa er 10 år – det vil sei det kalenderåret ein fyller 10 år.