Klubben si historie

Det skulle ein franskmann til for at karate skulle starte opp i Kvinnherad. Francis Dougnac hadde trent karate i heimlandet i om lag 15 år før han starta med trening på Husnes i 1980. Den første tida heldt treningane til i ulike lokale i Omvikdalen og på Husnes. Dougnac sensei hadde eit tradisjonelt syn på karate og kva som skulle vere i fokus på treningane. Han var sjølv ein roleg person som tidlegare arbeidde som vinbonde i Frankrike.

Det mangla ikkje på interesse for karate. Japansk kampkunst fall i smak hos Kvinnheringane og god instruksjon og treningstrøkk sette god standard på klubbmedlemmene. Medlemstalet låg på godt over hundre medlemmer dei første åra. Folk kom reisande til trening frå heile kommunen og miljøet var fargerikt med mange bygder representerte.

I spissen av drivkrafta var Brede Grønningen ein av dei som etter kvart tok tak i organisering og drift av klubben. Treningssamlingar i Bergen og Stavanger saman med andre karateklubbar på vestlandet, fekk snart Husnes inn i Shotokan Norge – som er føregangaren til det som i dag er JKA Norway. Det vart satsa på konkurranse og her spela Grønningen ei stor aktiv rolle. Klubben hevda seg godt i ulike meisterskap rundt om i landet, noko som til slutt førte til at Grønningen vart invitert med på landslaget til Norge og VM i Sunderland England i 1990.

I starten av 90-talet fekk klubben eigen Dojo (staden der ein trenar «vegen») i Gamleskulen på Husnes. Klubben hadde lenge godt driv med ei god gruppe instruktørar utover 90-talet. Grønningen gav seg etterkvart som utøvar og dette førte til at styringa og organiseringa gjekk inn i ei turbulent tid. Det var vanskeleg å vedlikehalde Gamleskulen, og klubben måtte flytte til andre lokalar. Mangel på ein eigen stad for å trene karate ville bli ei stor utfordring. På slutten av tiåret var klubben på kanten til å leggje ned drifta i mangel på treningslokale og instruktørar for framtida.

Trass i motgangen fann styret i klubben ei løysing på ny struktur og Rune Hanssen og Tor Olav Fredheim tok ansvar for instruksjon og trening. Klubben fekk tid og plass i gymsalen på Undarheim skule og Husneshallen ved Kvinnherad vidaregåande skule. Talet på nybegynnarar var godt og medlemstalet auka på ny. Rutinane kom på plass og deltaking på JKA Norway sine treningssamlingar sikra høg teknisk standard på klubbmedlemmene.

Grunna støy frå ballidrettar og ugunstige treningstider, flytta klubben etterkvart vekk frå Husnes og til det som no er blitt basen for trening – gymsalen på Sunde skule. Her kan ein takka rektor på skulen for god støtte og tid til klubben. I dag er medlemstalet stigande og oppmøte på treningane er svært godt. Framtida ser lys ut og kommunen har lova eigen Dojo i den nye Kvinnherad Arena.

(bilete henta frå Kvinnheringen sitt arkiv)