Månad: juni 2019

Siste nytt

Reisetider til Stord

Hugs å møte seinast 15 minutt før avgang! Billettar må ein kjøpe sjølv. Me går samla frå kaien til Vikahaugane på Stord. Same prosedyre som tidlegare år. Andre Stormoen vil vere leiar for medlemmene på turane fram og attende.

Fredag

Frå Sunde kl. 1632 – retur frå Leirvik kl. 2215

Laurdag

Frå Sunde kl. 0900 – retur frå Leirvik kl. 1420

Søndag

Frå Sunde kl. 1000 – retur snarast etter at graderingane er ferdige. Merk at me går glipp av den første treninga denne dagen grunna båttidene.

Det er høve for foreldre å vere med og sitje på tribunen under treningane og graderingane.